Når kunst blir til, er det i kraft av å vere ei djupt personleg grunnforsking i korleis kunstnaren ser og fortolkar verda og menneskelege erfaringar. Det er også her vi som åskodarar kan erfare kunsten, det er eit møte, ein observasjon og ein invitasjon til å sjå eller sanse gjennom kunstnaren si visuelle utsegn. Forslag og tesar vi i ulik grad kan kjenne oss att i. Nyansar og perspektiv som skaper ny meining eller utfordrar det vi kanskje tek for gitt. Slik kan ein sjå ein likskap mellom kunsten og grunnforskinga innafor andre fagfelt der den kulturelle grunngjevinga vert fundert i at ho gjev oss ny kunnskap om oss sjølve og omgjevnadene våre og slik bidreg til å utvikle kulturen og samfunnet vårt.
For å kunne leve i verda må vi på grunnleggande vis konstituere ho. Vi søkjer både etter tilhøyrsle og ikkje minst ei eller anna form for meining. I ei desakralisert verd er dette framleis eit sterkt ibuande behov hjå menneska. Det finns stader som skil seg kvalitativt frå andre. Ein heilag stad i det private univers er heimen. Å skape sitt eige sentrum i verda kan vere representert ved eit tv-program frå heimlandet, eller at vi tillegg tinga vi omgjev oss med verdi utover det som er den materielle verdien. Slik kan det som for andre står fram som verdilaust avfall vere meiningsberande for å byggje ein skanse mot tida si gang og det ugjestmilde omrommet. Ei materiell opphoping som etterkvart kan bli tolka som eit forfall. Menneske kan skape fellesskap og samhald gjennom å utvikle eigne hemmelege språk, ritual og symbolikkar når det vi trur på blir undertrykt og forfølgd av regime eller autoritetar.
Vi opplever verda gjennom sansane våre. Persepsjon er ein skapande og konstruktiv prosess, kor sanseinntrykk vert organisert og tillagt meining. Persepsjon inneber to trinn: at eit eller fleire sanseorgan vert stimulert, og at denne stimuleringa vert tolka og resulterer i ei oppleving. Dette siste trinnet avheng av våre eigne føresetnader og forventingar. Synssansen er for oss ofte den dominerande, men berøring, eller den haptiske sans, er også svært viktig for mennesket. Den gjev oss informasjon om overflater og konsistens men er og ein viktig komponent i ikkje-verbal kommunikasjon. Materiala i ein skulptur kan med sine taktile kvalitetar vekkje eit ynskje om røre ved arbeida, og med det oppstår eit rom som åskodaren må fylle med eigne erfaringar og førestellingsevne. Det vi går ut frå, og trur vi ser, blir utfordra når små nesten umerkelege fargenyansar blir viktige. Relasjonen mellom verket, rommet og åskodaren blir tydeleg når ein må reflektere over kva krefter som får ei balanserande form til å bevege seg utan direkte fysisk påverknad eller når papiret blir ei massiv form som rører seg tilsynelatande vektlaust i rommet.
Vi omgjev oss med visuelle fortolkingar av verda som i varierande grad representerer ei form for sanning. Fotografiet har historisk blitt sett på som ei avbilding av verda slik ho er. Fotografiet som representasjon, dokumentasjon og sanning blir utfordra når kunstnaren fysisk grip inn i framkallingsprosessen og klipper og skjer i negativa. Eller når det digitale kameraet blir øydelagt og dei nøye komponerte motiva kjem ut som abstrakte fargekart. Landskap som måleri eller som ei samling pigment utvunne frå same staden viser eit spenn i kva ei avbilding kan vere. Videoblikket til det som utgjev seg for å vere ein spurv kan vere fantasi, overvaking eller noko heilt anna.
Det historisk nye ved vårt samfunn i dag er at vi blir konfronterte med kunstig skapte, økologiske, atmosfæriske og teknologiske farar eller øydeleggingar som trugar omgjevnadane og landskap vi er knytt til . Solastalgi er eit omgrep som skildrar den psykiske og eksistensielle uroa som vi kan oppleve i høve til naturøydelegging, forureining eller klimakrise. Ei heimlengt ein kan kjenne på sjølv om ein er heime. Ei oppleving av risiko som kan opplevast som abstrakt og trugande. Metallskulpturar som byrjar å riste når vi og pusten vår nærmar oss, slik at dei skjøre keramikkarka smuldrar opp, gjev oss eit meir direkte bilete på denne uroa . Eit permafrostkrater framstilt av bitar av blendingsgardiner viser ei brutal men stille krise, ei oppløysing og øydelegging forårsaka av menneske. Medan vare teikningar av ugraset som gjenerobrar stader vi har forlate viser fram ei sorg men kanskje og eit håp.
Eg oppmodar deg som åskodar til møte kunsten med deg sjølv, ditt blikk og dine eigne refleksjonar.
Velkomen inn!
Heidi Rødstøl ( f. 1973 ) er kurator for Vestlandsutstillingen 2023. Ho er biletkunstnar, konsulent og kurator basert på Åfarnes i Møre og Romsdal. Rødstøl har utdanning frå Kunsthøgskolen i Bergen. avdeling kunstakademiet. I den kunstnarlege praksisen sin interesserer Rødstøl seg for rom, og korleis relasjonar i rommet vert sansa og fortolka. Dette har resultert i ulike seriar av arbeid der ho utforskar og undersøkjer spesifikke situasjonar gjennom tredimensjonale teikningar, måleri, installasjonar og foto. Rødstøl har hatt ei rekkje oppdrag som kunstfagleg prosjektleiar for kunst i offentlege rom, og har vore juryleiar for Nordnorsken i 2018. Ho har vore knytt til Kunstfagskulen i Ålesund, der ho mellom anna har undervist i 3D og romleg kunst.
17. februar
19. mars
Jugendstilsenteret og Kube, Ålesund
31. mars
30. april
Haugesund Billedgalleri Haugesund
13. mai
11. juni
Kunsthuset Kabuso Øystese
25. august
24. september
Kunstgarasjen Bergen