Vestlandsutstillingen består for fyrste gong av seks separatutstillingar, med kunstnarar som med sine ulike perspektiv og uttrykk utgjer ei breidde i det som skjer på den vestlandske kunstscena. Gjennom året skal me forflytte oss gjennom regionen sine fire fylker og vitje eit knippe sentrale kunstinstitusjonar, og verte betre kjende med desse kunstnarskapa.
Me byrjar i Øystese ved Kunsthuset Kabuso, der kunstnar Trudi Jaeger viser ei rekke nye arbeid i utstillinga ’QUARTUS Illuminations – Atlas Littoralis’. Utstillinga består av maleri, teikning, fotografi og arkitektoniske grep som relaterer dei romlege spenningane i arbeida til utstillingsrommet.
Jaeger sine arbeid har utspring i sårbare områder som rører ved henne, slik som den unike kystfloraen på Vestlandet, som har måtta tilpassa seg dei harde omgjevnadene. Ljos, fargar, transparens, tid, nerve og kartografi er komponentar ho går i dialog med, og abstraherer. Hennar prosess kan sjåast i samanheng med action painting, der konsentrert nærvære som meditativ performance, fullstendig ro og konsentrasjon er essensielt.
Trudi Jaeger (f.1951, London) bur og arbeider i Bergen. Ho har si utdanning frå St.Martin’s School of Art og Goldsmiths College i London. Jaeger har tidlegare vore aktuell ved VU10, VU98, VU95, VU91 og VU86. Kunstnaren har motteke støtte til si utstilling frå NBK Vederlagsfondet, Bergen Kommune, Norsk Kulturfond, Hordaland Fylkeskommune og Statens Utstillingsstipend.
VU18 forflyttar seg etterkvart vidare til visningsstadane Haugesund Billedgalleri i samarbeid med Haugesund Kunstforening, Kunsthall Stavanger, Jugendstilsenteret og KUBE i Ålesund, Sogn og Fjordane Kunstmuseum i samarbeid med Sunnfjord Kunstlag, før me til sist endar opp ved visningsrommet Entrée i Bergen. VU18 presenterer i løpet av året kunstnarane Trudi Jaeger, Karen Skog, kunstnarduoen Skúladóttir & Blomgren, Ragnhild Aamås, Magnhild Øen Nordahl og Eivind Egeland.
VU18 er støtta av Hordland Fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Rogaland fylkeskommune, Bergen Kommune og Fritt Ord.
Kurator for Vestlandsutstillingen 2018. Randi Grov Berger (f.1982, Stord, Norge) er freelance kurator, og driv visningsrommet Entrée i Bergen (NO), som hun grunnla saman med kunstnar Cato Løland i 2009. Ho har ein BFA frå Kunst- og Designhøgskolen i Bergen og eim MFA i Art in Public Realm frå Konstfack i Stockholm. I tillegg har ho studert Skapende kuratorpraksis ved Kunst- og Designhøgskolen i Bergen (2012). Ho var koordinator for den norske paviljongen ved Performa 13 Biennial, New York (USA) og Norwegian Focus ved Printed Matters New York Art Book Fair på MoMA PS1 i 2014. Ho har delteke på Independent Fifth Avenue Gallery Residency Program, Harlem, New York; UKS Curatorial Residency, Kysten Kultursenter, Tromsø; Artist in Residency Berlin (gjennom Bergen kommune) og The International Studio & Curatorial Program, New York (gjennom Office for Contemporary Art Norway). Grov Berger er vidare valt som kurator for Tendenser 2020 ved galleri F15 på Jeløya.
14. mai
20. mai
Trudi Jaeger på Kunsthuset Kabuso, Øystese
27. april
27. mai
Karen Skog på Haugesund Billedgalleri, Haugesund
14. juni
12. august
Skúladóttir & Blomgren på Kunsthall Stavanger, Stavanger
01. september
28. oktober
Magnhild Øen Nordahl, Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Førde
24. august
07. oktober
Ragnhild Aamås på Jugendstilsenteret & KUBE, Ålesund
13. oktober
17. november
Eivind Egeland på Entrée, Bergen