Me ynskjer å bruke Vestlandsutstillingen 2016 til å undersøke kva det lokale kan tyde. Stadig fleire fenomen synest å røre seg på tvers av kulturelle, geografiske og nasjonale grenser. Nye nettverksformer og elektroniske skyformasjonar skapar klynger og grupperingar ein tidlegare ikkje kunne tenke seg. Det lokale har endra natur.
Samstundes oppstår produksjon av meining lokalt og kan hende ikkje i fora me oppfattar som sentrale. Skildringar av heimlege omgjevnader utgjer ei nokså uavbroten linje i kunsten. Er det relevant for deg å vere der du er for å undersøke det du vil? Me lurer på om det nære og heimlege kan få ein ny aktualitet;- ikkje for å opphøge historia, men som eit forsøk på å lokalisere oss sjølve her og no.
Lars Korff Lofthus og Sveinung Rudjord Unneland
Kurator for Vestlandsutstillingen 2016 saman med Lars Korff Lofthus. Sveinung Rudjord Unneland har MA frå Kunsthøgskolen i Bergen (2007). Han har stilt ut breitt gjennom separatutstillingar og gruppeutstillingar på t.d. Hordaland Kunstsenter, Galleri LNM, Tag Team Studio, Gallery 0047, KODE – Bergen Kunstmuseum, Kunstnerforbundet, Visningsrommet Entrèe, Kristiansand Kunsthall, Østfold Kunstsenter and Waterside Contemporary i tillegg til stadspesifikke prosjekt og oppdrag. Ved sida av dette har Rudjord Unneland vore aktiv i kunstnargruppa Members Club og innehar styreverv i UKS, B-Open, HKS, BEK and BKFH. Han har vore organisator for ei rekkje gruppeutstillingar, og har hatt ansvar for scene design ved fleire teateroppsetingar. Rudjord Unneland sine kunstprosjekt består gjerne av måleri og skulptur sett saman til installasjonar. Før han i 2018 vart stipendiat ved KMD/UiB, var haan tilsett som amanuensis ved KMD (2012-18).
https://www.sveinungunneland.com
F. 1978. Kunstnar med base både i Bergen og Hardanger. Kurator for Vestlandsutstillingen 2016 saman med Sveinung Rudjord Unneland.
23. januar
21. februar
Kunsthuset Kabuso,Øystese
5. mars
3. april
Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Førde
29. april
22. mai
Jugendstilsenteret & KUBE, Ålesund
10. juni
10. juli
Kunsthall Stavanger, Stavanger