I 1939 vart det halde ei tradisjonell juryert utgåve av Vestlandsutstillingen som også inneheldt ei utstilling i utstillinga med refuserte kunstverk. Ein stor sensasjon var at Vestlandsutstillingen vart gjenstand for sensur i det den tyske konsulen forlanget kunstverket til Signe Sivertsen, med tittel «Tysk kultur 1938», fjerna frå utstillinga. Bildet vart ikkje hange opp igjen og så rauk styret uklar med Vestlandsutstillingens jury, som i dette tilfellet vitterleg var den einaste instansen som kunne ta stilling til spørsmålet. Bildet vart kjøpt av redaktør Frithjof Bergmann som i Bergens Arbeiderblad´s bygning stilte det ut mot entré, til inntekt for det kjempande Spania. Tre år seinare, i 1942, vart bildet øydelagt under husundersøkelse hos Bergmann. I Bergens Kunstforening førte episoden til ei ekstraordinær generalforsamling. Formannen vart avsett og det vart vedtatt ein resolusjon med følgjande prinsipp utsegn: «Her skal det alltid gjelda det prinsippet at det ikkje blir lagt band på den frie utøvinga av kunsten». Kilde: Bergens Tidende 5. august 1965
JURY
Maler Ole B. Eyde, Bergen
Maler Arne Kristiansen, Haugesund
Maler Olav Lavik, Bergen
Maler Johs. Lidsheim, Bergen
Maler Jonas Peson, Ålesund
Til Vestlandsutstillingen ble det sendt inn 250 kunstverk av ca. 60 kunstnarar.
Utstillinga Gruppe av Vestlandsmalere og billedhuggere med etablerte kunstnarar opna seinare på året.
Januar
Februar
Bergen Kunstforening Bergen
Mars
April
Stavanger Kunstforening Stavanger
Haugesund Kunstforening Haugesund
Ålesund Kunstforening Ålesund