Styret for Vestlandsutstillingen oppmodar biletkunstnarar med tilknyting til
vestlandsfylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland
til å søkje utstillingsplass på Vestlandsutstillingen sin jubileumsutstilling i 2022.
Kurator er Espen Johansen.
Ved spørsmål kontakt utstillingsleiar Anneli Belsvik Aras:
kontakt@vestlandsutstillingen.no eller telefon 934 94 145 (måndagar og tysdagar kl. 09-16).
Espen Johansen (1985, Noreg) er kunsthistorikar, kurator og skribent basert i Tromsø og Bergen. Han tek ein PhD som kurator ved Kunstakademiet i Tromsø, og har ein mastergrad i kunsthistorie frå Universitetet i Bergen og ein grad i kreativ kuratering fra Kunst og Designhøgskolen i Bergen. I 2019 deltok han på det eittårige kurset, ‘Negotiating Artistic Value: Art and Architecture in the Public Sphere’ ved Royal Institute of Art i Stockholm. Hans kuratoriske praksis er særleg fokusert på kunst i det offentlege rom og maktstrukturane i den offentlege sfære.
www.espenjohansen.art
Jugendstilsenteret & KUBE, Ålesund
Sunnfjord Kunstlag, Førde
Haugesund Billedgalleri, Haugesund
Kunsthall Stavanger, Stavanger
Kunsthuset Kabuso, Øystese
Kunstgarasjen, Bergen
Vestlandsutstillingen er ei årleg turnerande utstilling med verk av kunstnarar som har tilknyting til Vestlandet. Utstillinga skal vise fram samtidskunst av høg kvalitet som speglar den vestlandske kunstscena slik den føregår i lokale, nasjonale og internasjonale kontekstar ut mot resten av landet.
Som einaste kuraterte landsdelsutstilling blir søkjarar til Vestlandsutstillingen kvart år etter open utlysing vurdert av profesjonelle kuratorar eller kunstnarar. Eineste krav er at ein har ei tilknytting til Vestlandet. Det kan innebere at ein er fødd her, har vakse opp, studert eller vore permanent busett ein periode i eitt av fylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane eller Møre og Romsdal.