Vestlandsutstillingen er den eldste landsdelsutstillinga som kvart år turnerer mellom 3–4 av dei totalt 6 visningsstadane som me samarbeider med i dei tre fylka på Vestlandet. Som Utstillingsleiar for Vestlandsutstillingen vil du ha ansvar for den daglege drifta, organisere det praktiske ved utstillingsturnéen slik som frakt, forsikring m.m., samt vere tilstades ved installeringa av Vestlandsutstillingen i forkant av visningsperiodane ved dei tre visningsstadane i 2025: Rogaland Kunstsenter 12.juni – 20.aug, Kabuso 6.sept. – 19.okt og KUBE 30.okt. – 7.des.
Me søker ein person med god innsikt i det vestlandske kunst-og kulturlandskapet, som kan arbeide sjølvstendig med ulike administrative oppgåver og er løysningsorientert innafor rammene som Vestlandsutstillingen opererer innafor.
Utstillingsleiar arbeider tett med styreleiar og kunstnerisk leiar.
Vestlandsutstillingen kan tilby ein spanande og dynamisk stilling der du kjem tett på kunst og kulturlivet på Vestlandet og arbeider tett med ulike kunstnarar, kuratorar og visningsstader.
Stillinga har ei ujamn arbeidsbelastning, der det i periodar – som t.d. ved installering, utstillingsopning og søknadsperiode– vil vera meir intense arbeidsperiodar, men der 40 % er gjennomsnittleg arbeidsmengde i løpet av eitt år.
Du må vera busett i eit av dei tre vestlandsfylka (Rogaland, Vestland, Møre & Romsdal) for å verta vurdert til stillinga som utstillingsleiar.
Arbeidsoppgåver:
Personlege eigenskapar:
Kvalifikasjonar:
Vestlandsutstillingen er den eldste landsdelsutstillinga i Noreg og vart arrangert fyrste gong ved Bergen Kunstforening i 1922.
Vestlandsutstillingen har sidan starten vore ei juryert gruppeutstilling med fri innsending. Sidan 1998 har VU nytta kurator framfor jury, og det har vore ein til tre inviterte kuratorar som kvart år gjev eit heilt eige innsyn og utval frå kunst- og kulturlivet på Vestlandet. Det at Vestlandsutstillingen er ei historisk forankra og anerkjent gruppeutstilling genererer mange publikummarar, og utstillinga er hyppig besøkt av skuleklassar.
Vestlandsutstillingen turnerer kvart år mellom 3–4 av dei totalt 6 visningsstadane som me samarbeider med i dei tre fylka på Vestlandet.
Vestlandsutstillingen er eigd av sine medlemmer frå kunstnarorganisasjonane Bildende Kunstneres Forening Hordaland, Biletkunstnarane i Møre og Romsdal, Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane, og Bildende Kunstneres Forening Rogaland, samt visningsstadane Kunsthuset Kabuso i Øystese, Jugendstilsenteret og KUBE i Ålesund, Rogaland Kunstsenter i Stavanger, Kunstgarasjen i Bergen, Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde, og Haugesund Billedgalleri i Haugesund.
Visningsstadene har alle ein fast utstillingsavtale med Vestlandsutstillingen gjennom sine medlemskap i organisasjonen.