Arkiver: Kurator

Terese Longva

Jurymedlem på vegne av BKMR for Vestlandsutstillingen 2017 saman med Heather Jones, Astrid Wittersø og Joakim Lund. Fungerande styreleiar for Vestlandsutstillingen 2016 – 2017. Terese Longva bur på Skuløy i Møre og Romsdal. Ho utforskar korleis ein ny sosial subjektivitet vert til i eit moderne samfunn – som eit mogleg resultat av ei stendig aukande samanveksing mellom menneskekroppar og nettverk av ulike slag i omgjevnadene. Longva interesserer seg for tilblivingsprosessar i materien og samfunnet, og brukar gjerne Nordøyane som utgongspunkt for undersøkjingane sine. Frå og med våren 2012 har Terese Longva hatt eit nært samarbeid med Harald Dyrkorn. Dei brukar samtalen som utviklingsmetode og opplever at det gjennom denne blir til noko nytt. Dette nye stammar ikkje frå den enkelte, men blir til /i mellom, /i ein ikkje-lineær, sosial og materiell prosess. Longva har stilt ut og delteke på ei rekkje galleri og festivalar i inn- og utland. Sidan 2010, har ho samarbeidd med Laurel Jay Carpenter (USA/UK) i duoen Longva+Carpenter.
Longva er medlem av BKMR og PAB (Performance Art Bergen).

Randi Grov Berger

Kurator for Vestlandsutstillingen 2018. Randi Grov Berger (f.1982, Stord, Norge) er freelance kurator, og driv visningsrommet Entrée i Bergen (NO), som hun grunnla saman med kunstnar Cato Løland i 2009. Ho har ein BFA frå Kunst- og Designhøgskolen i Bergen og eim MFA i Art in Public Realm frå Konstfack i Stockholm. I tillegg har ho studert Skapende kuratorpraksis ved Kunst- og Designhøgskolen i Bergen (2012). Ho var koordinator for den norske paviljongen ved Performa 13 Biennial, New York (USA) og Norwegian Focus ved Printed Matters New York Art Book Fair på MoMA PS1 i 2014. Ho har delteke på Independent Fifth Avenue Gallery Residency Program, Harlem, New York; UKS Curatorial Residency, Kysten Kultursenter, Tromsø; Artist in Residency Berlin (gjennom Bergen kommune) og The International Studio & Curatorial Program, New York (gjennom Office for Contemporary Art Norway). Grov Berger er vidare valt som kurator for Tendenser 2020 ved galleri F15 på Jeløya.

Elise By Olsen

Kurator for Vestlandsutstillingen 2020. Elise By Olsen (f. 1999, Oslo) er redaktør og kurator. I 2013 etablerte ho ungdomskulturmagasinet Recens Paper, laga av og for unge menneske. Recens mottok raskt internasjonal merksemd, og kun tretten år gamal vart Elise By Olsen kjend som verdas yngste sjefredaktør. Som kurator har ho samarbeidd internasjonalt med aktørar som Bjarne Melgaard, galleri Thaddaeus Ropac, det residensbaserte prosjektet 89+ (Hans Ulrich Obrist og Simon Castets) og Google Arts & Culture. Ho er for tida redaktør for Wallet, ein publikasjon for motekritikk. Elise By Olsen føreles ved Central Saint Martins i London og Parsons School of Design i New York. Bur og arbeider i Oslo, Lisboa og London.

Marte Danielsen Jølbo

Kurator for Vestlandsutstillingen 2019. Marte Danielsen Jølbo (f. 1984 i Stavanger) er kurator, skribent, redaktør og kunstformidlar. Sidan 2012 har ho drive prosjektrommet og forlaget Another Space – prosjektrom for kunst og arkitektur saman med arkitekt Nicola Markhus, og ho er medstiftar og redaktør for Contemporary Art Stavanger (CAS). Jølbo har vore kurator for ei rekkje utstillingar og tverrfaglege prosjekt, og har skrive og redigert fleire kunstfaglege essay og publikasjonar. I 2012 mottok Jølbo Stavanger kommune sitt kunstkuratorstipend, og ho har nyleg delteke i dei kuratoriske programma Curatorial Program for Research: Mexico, OCAs kurator-residency på ISCP i New York og KOROs Kuratorpraksis + det offentlege rom. Jølbo har ein mastergrad i Moderne kultur og kulturformidling frå Københavns Universitet og ein bachelor i litteraturvitskap. Ho er nyleg tilsett som kurator hjå KORO i Oslo.