Arkiver: Kurator

Olav Ansgar Larssen

Fødd 1897 i Sandnes, død 1967. Jurymedlem i Vestlandsutstillingen 1934, 1930, 1953, 1959, 1960, 1961, 1962, 1963, 1964, 1965, 1966, 1967.

Hermod Rise

Hermod Rise (f. 1888 i Hareid, d. 1953). Jurymedlem i Vestlandsutstillingen 1931, 1930, 1952.

Bernhard Hinna

John Bernhard Hinna (født 11. juni 1871 i Stavanger, død 2. november 1951 samme sted) var norsk kunstmaler. Han malte naturalistiske bilder hovedsakelig med motiv fra Jær-landskapet. Satt i juryen for Vestlandsutstillingen i 1930.

Sissel Lillebostad

Sissel Lillebostad er administrativ og fagleg leiar ved Kunsthuset Kabuso, Hardanger og Voss museum. Ho leidde kuratorutdanninga ved Kunst- og designhøgskulen (KMD) i Bergen, mellom 2004 og 2014, var redaktør for tidsskriftet Numer mellom 2016 – 18 og redaktør for fleire utgåver av Kunstjournalen B-Post på 2000-talet. Lillebostad er medlem av styra til Lorck Schive Kunstpris og Billedkunstnernes vederlagsfond. Som kunstnar har ho samarbeidd med komponistar, koreografar og forfattarar på fleire framsyningar og installasjonar. Lillebostad kuraterte Vestlandsutstillingen 2010 som ein del av kuratorgruppa Curate.no i samarbeid med Malin Barth og Anne Szefer Karlsen.

Malin Barth

Malin Barth har vore direktør for Kunsthall 3,14 i Bergen dei siste 14 åra. Hennar kuratoriske og programmeringspraksis har behandla eit breitt spekter av tema og interesser, og hadde eit spesielt fokus på koplingane mellom kunstnarisk produksjon i dens historiske, politiske og sosiale samanhengar. Ho er ansvarleg for nærare 200 kunstutstillingar av utøvarar over heile verda presentert på 3,14 og i andre kunstinstitusjonar i Europa, USA, Asia og Midtausten. Ho har stilt ut verk av kunstnarar som Mona Hatoum, Kader Attia, Alfredo Jaar, Gabriel Lester, Andres Serrano, Judy Chicago, Yang Fudong, Lida Abdul, Oscar Muñoz, Sigalit Landau, Aziz + Cucher, Ho Tzu Nyen, Hussein Chalayan, Regina Jose Galindo, Cao Hui, He Yunchang, Nalini Malani, Danica Dakic, Ala Younis, Waalid Raad, Heather Dewey-Hagborg, Sea Hyun Lee, Cristina Lucas, Fallen Fruit blant mange andre kjente og utmerkte artistar.

Malin Barth har studiane sine frå New York; med ei MA i Master of Arts in Arts Administration og ein BFA. Arbeidskarrieren hennar innan kunstfeltet spenner frå direktør og kurator til gallerist og kontoansvarlig på artnet.com for Russland, Aust -Europa og Norden. Barth var ein av to inisjativtakerne til B-Open og har vore Faglærer ved Høyskolen Kristiania i nærare 10 år. Ho var tidlegare fagleg ansvarleg for Hordaland Kunstsenter og som nestleiar i direksjonen på Kunstnernes Hus fungerte ho i ein to årsperiode som kurator og med-ansvarlig for utstillingsprogramering. Barth vart lønt med Noregs «Kunstkritikerprisen» i 2013. Barth kuraterte Vestlandsutstillingen 2010 som ein del av kuratorgruppa Curate.no i samarbeid med Sissel Lillebostad og Anne Szefer Karlsen.

Anne Szefer Karlsen

Anne Szefer Karlsen (f. 1976 i Halden) er kurator, redaktør, kunstskribent og tidlegare leiar av Hordaland Kunstsenter. Ho var med på å grunnlegga Flaggfabrikken i Bergen i 2003, eit studiosamarbeid av hovudsakleg fotobaserte kunstnarar. Saman med kunstnar og kurator Arne Skaug Olsen starta og dreiv ho kunstbokforlaget CTRL+Z. I 2013 var ho kurator for Lofoten International Art Festival, og ho var kurator for Skulpturbiennalen på Vigeland-museet i 2015. Anne Szefer Karlsen er utdanna som fotobasert kunstnar med ein BA frå London School of Printing, og ein Master frå Kunsthøgskolen i Bergen. I 2006 fullførte ho Skapende Kuratorpraksis ved KHiB. Anne Szefer Karlsen kuraterte Vestlandsutstillingen 2010 som ein del av kuratorgruppa Curate.no i samarbeid med Malin Barth og Sissel Lillebostad.

Johanne Nordby Wernø

Johanne Nordby Wernø (f. 1980) er ein oslobasert skribent, kritikar og kurator. Ho var kunstnarisk leiar for UKS i perioden 2013-16 og har utdanning frå Universitetet i Oslo (BA i estetisk teori og kunsthistorie) og Konstfack i Stockholm (MFA i kritikk og kuratering). Nordby Wernø var kurator for Vestlandsutstillingen i 2011 sammen med Karolin Tampere.

Karolin Tampere

Karolin Tampere (f. 1978 i Tallinn, Estland) er kunstnar og kurator utdanna ved Kunstakademiet i Bergen 2002-05 og De Appel arts centre i Amsterdam 2006-07. Ho har kuratert utstillingar og laga prosjekt i samarbeid med andre kunstnarar og kulturaktørar i innog utland sidan 2002, ofte med samarbeidsprosjektet Rakett (med Åse Løvgren). Tampere var kurator for Vestlandsutstillingen i 2011 sammen med Johanne Nordby Wernø.

Carl Roll Røstvig

Født 1887 på Madagaskar, død 1957 i Stavanger. Kunstnar frå Stavanger. Jurymedlem i Vestlandsutstillingen 1934, 1931 og 1929.

Nils Krantz

Malar frå Bergen. Jurymedlem i Vestlandsutstillingen 1929, 1930, 1931, 1932, 1933, 1937, 1938, 1941, 1948, 1954.