Arkiver: Kunstner

Ian Damerell

Deltakar saman med Åshild Bøthun i Vestlandsutstillingen 1999.

Åsil Bøthun

Professor i skulptur og installasjon på KMD i Bergen. Deltakar saman med Ian Damerell i Vestlandsutstillingen 1999.

Arne Rygvold

Arne Rygvold (f. 1955 i Steinkjær) er Steinkjerkunstner med nasjonal appell og utsmykninger både i Bergen, Oslo og Inderøy. Er en del av KunstSkansen på Blaker, Lillestrøm. Har hatt statens garantiinntekt for kunstnere fra 2008. Utdannet ved Røros yrkesskole og Vestlandets kunstakademi Bergen i skulptur, maleri og tegning (1981-1986) og praktisk pedagogikk fra Høgskolen i Oslo. Han har hatt en rekke stipend og atelieropphold. Rygvold har hatt flere separatutstillinger, blant annet Almenningen galleri & kunsthandel Bergen (1994), Kunstnerforbundet Oslo (1995), Østfold Kunstnersenter Fredrikstad (1997), Galleri III Oslo (1999) og Steinkjer Kunstforening (1999). Han har også deltatt flere ganger på Vestlandsutstillingen (1984 og 1985) og Høstutstillingen (1985, 1989 og 2000). Er innkjøpt av Göteborgs Konstmuseum, Statens Konstråd Göteborg , Norsk kulturråd og Østfold fylkeskommune. Har offentlige utsmykningsarbeider ved Haukeland sykehus Bergen (1986), Gullfaks B plattformen (1987), Smørsbroen Bergen (1990), Tollpost Globes administrasjonsbygg Alnabru (1992), Hjelpemiddelsentralen Innherred sykehus Levanger (1996) og Inderøy videregående skole (2000). Rygvold fikk Jakob Weidemann minnestipend 2019.

FAT

Anja Tveiterås og Fredrik Alden Thorsen dannar duoen FAT. Tveiterås har utdanning frå Falmouth College of Arts, KHIB og KHIO, mens Thorsen er autodidakt som kunstnar og erfaren rullestolbrukar. Dei jobbar for tida med eit større prosjekt hos ROM for kunst og arkitektur i Oslo. Til VU 2024 har dei laga verk som handlar om utanforskap og meir eller mindre tilgjengelege rom på Vestlandet. Debuterte i Vestlandsutstilligen 2024.

Turid Sværen

Turid Sværen er tekstilkunstnar frå Os utdanna ved Kunsthøgskulen i Bergen, avdeling for spesialisert kunst (avd. tekstil). Turid arbeider med ulike tekstilmateriale, symaskinsaum og foto. Inspirasjon hentar ho mellom anna frå eigen arbeidserfaring i vestnorsk tekstilindustri og møter med vestnorsk natur. Ho viser i 2024 eit skulpturelt verk, der store mengder sytråd er sydd på lerret-remser og tredd inn på fiskesen. Debuterte i Vestlandsutstillingen i 2024.

Eirik Falckner

Eirik Falckner (f. 1995) er pseudonym for ein ung kunstnar utdanna ved Kunstakademiet i Bergen. Falckner vart først kjent som graffitimålar, med ein eksperimentell og arkaisk stil inspirert av runer, hieroglyfar og holemåleri. Dei seinare åra har han jobba fram ein særeigen estetikk med referansar som peikar i retning mellom anna black metal, vestnorsk urskog og Theodor Kittelsen. Han viser i 2024 to større keramiske verk. Debuterte i Vestlandsutstillingen i 2024.