Til Vestlandsutstillingen 2020 har kurator Elise By Olsen teke utgangspunkt i førestillingar om det ‘typisk’ norske i møte med det ‘typisk’ internasjonale innan samtidskunst. Det vestlandske landskap er levande nasjonalromantikk som til eikvar tid er synleg for området sine kunstnarar og dermed uunngåeleg. By Olsen interesserer seg for korleis landskapet formar kunsten den dag i dag. Samstundes lever me i ei tid der det er enkelt å delta i kunstnarlege diskursar utanfor sin lokale eksistens. I kjølvatnet av ein digital revolusjon, som nettopp er fri for mentale og fysiske avgrensingar gjennom tid og rom, spør kuratoren seg om det går an å tenkje nasjonalromantikk på nytt? Til svar har ho valt ut kunstnarar som går i nær dialog med sine omgjevnader – gjennom organiske prosessar, tidkrevjande metodar og handfaste materialar. I Vestlandsutstillingen 2020 vert forventningar om kuratorisk heilskap og geografisk tilhøyrsle forkasta til fordel for spontane, og overraskande analoge, spenningar mellom materialar, verk og publikum.
Kurator for Vestlandsutstillingen 2020. Elise By Olsen (f. 1999, Oslo) er redaktør og kurator. I 2013 etablerte ho ungdomskulturmagasinet Recens Paper, laga av og for unge menneske. Recens mottok raskt internasjonal merksemd, og kun tretten år gamal vart Elise By Olsen kjend som verdas yngste sjefredaktør. Som kurator har ho samarbeidd internasjonalt med aktørar som Bjarne Melgaard, galleri Thaddaeus Ropac, det residensbaserte prosjektet 89+ (Hans Ulrich Obrist og Simon Castets) og Google Arts & Culture. Ho er for tida redaktør for Wallet, ein publikasjon for motekritikk. Elise By Olsen føreles ved Central Saint Martins i London og Parsons School of Design i New York. Bur og arbeider i Oslo, Lisboa og London.
31. januar
1. mars
Jugendstilsenteret & KUBE, Ålesund
7. mars
29. mars (stengt fra 12. mars pga COVID19)
Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Førde
Avlyst pga COVID19
(24. april - 24. mai)
Haugesund Billedgalleri, Haugesund
18. juni
26. juli
Kunsthall Stavanger, Stavanger
5. september
4. oktober
Kunsthuset Kabuso, Øystese
15. oktober
8. november
Kunstgarasjen, Bergen