Ragnhild Aamås
Ragnhild Aamås (f. 1984, Volda) bur og arbeider i Oslo. Ho arbeider undersøkande og metodisk, i formsjangrar som collage, skulptur, foto, appropriasjon, tekstopplesing og lyd. Verka hennar har eit minimalistisk uttrykk og er svært tett knytt til hennar eigne tekstar. Ho er oppteken av rammene til det offentlege og det private. Aamås er utdanna ved […]
Ragnhild Aamås (f. 1984, Volda) bur og arbeider i Oslo. Ho arbeider undersøkande og metodisk, i formsjangrar som collage, skulptur, foto, appropriasjon, tekstopplesing og lyd. Verka hennar har eit minimalistisk uttrykk og er svært tett knytt til hennar eigne tekstar. Ho er oppteken av rammene til det offentlege og det private. Aamås er utdanna ved Central Saint Martins College of Art and Design i London, Kunsthøgskolen i Oslo og har i tillegg utdanning innan arkeologi frå Universitetet i Oslo, med fordjuping i filosofi. Aamås er med å drive det kunstnarstyrte visningsrommet Podium (etabl.2003) i Oslo, saman med kunstnarane Ignas Krunglevicius og Ayatgali Tuleubek. I september er ho aktuell ved bokmessa MAD i Paris, som del av PUB (Torpedo Press og Eller med a) si deltaking der. Deltakar i Vestlandsutstillingen 2018 og 2015.