Magnhild Øen Nordahl

Magnhild Øen Nordahl (f.1985, Ulstein) bur og arbeider i Bergen der ho nett har starta ALDEA senter for kunst, design og teknologi saman med Cameron MacLeod. I haust startar ho på ein doktorgrad ved Universitetet i Bergen og ho har si tidlegare utdanning frå Kungliga Kunsthögskolan i Stockholm og Kunst- og Designhøgskulen i Bergen. Hennar […]

Magnhild Øen Nordahl (f.1985, Ulstein) bur og arbeider i Bergen der ho nett har starta ALDEA senter for kunst, design og teknologi saman med Cameron MacLeod. I haust startar ho på ein doktorgrad ved Universitetet i Bergen og ho har si tidlegare utdanning frå Kungliga Kunsthögskolan i Stockholm og Kunst- og Designhøgskulen i Bergen. Hennar arbeid har vert stilt ut ved blant anna Hordaland Kunstsenter, Astrup Fearnley Museet og Palais de Tokyo (FR). Deltakar i Vestlandsutstillingen 2018 og 2010.