Sveinung Rudjord Unneland

Kurator for Vestlandsutstillingen 2016 saman med Lars Korff Lofthus. Sveinung Rudjord Unneland har MA frå Kunsthøgskolen i Bergen (2007). Han har stilt ut breitt gjennom separatutstillingar og gruppeutstillingar på t.d. Hordaland Kunstsenter, Galleri LNM, Tag Team Studio, Gallery 0047, KODE – Bergen Kunstmuseum, Kunstnerforbundet, Visningsrommet Entrèe, Kristiansand Kunsthall, Østfold Kunstsenter and Waterside Contemporary i tillegg til stadspesifikke prosjekt og oppdrag. Ved sida av dette har Rudjord Unneland vore aktiv i kunstnargruppa Members Club og innehar styreverv i UKS, B-Open, HKS, BEK and BKFH. Han har vore organisator for ei rekkje gruppeutstillingar, og har hatt ansvar for scene design ved fleire teateroppsetingar. Rudjord Unneland sine kunstprosjekt består gjerne av måleri og skulptur sett saman til installasjonar. Før han i 2018 vart stipendiat ved KMD/UiB, var haan tilsett som amanuensis ved KMD (2012-18). https://www.sveinungunneland.com