Turid Sværen
Turid Sværen er tekstilkunstnar frå Os utdanna ved Kunsthøgskulen i Bergen, avdeling for spesialisert kunst (avd. tekstil). Turid arbeider med ulike tekstilmateriale, symaskinsaum og foto. Inspirasjon hentar ho mellom anna frå eigen arbeidserfaring i vestnorsk tekstilindustri og møter med vestnorsk natur. Ho viser i 2024 eit skulpturelt verk, der store mengder sytråd er sydd på lerret-remser og tredd inn på fiskesen. Debuterte i Vestlandsutstillingen i 2024.