Styret for Vestlandsutstillingen oppmodar kunstnarar med tilknyting til
vestlandsfylka Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland
om å søkje utstillingsplass på Vestlandsutstillingen 2024.
Kurator er Bjørn Hatterud.
Ved spørsmål kontakt utstillingsleiar Anneli Belsvik Aras:
kontakt@vestlandsutstillingen.no eller telefon 934 94 145 (tysdagar og fredagar kl. 09-16).
Bjørn Hatterud (fødd 1977) er kvart sunnmøring, har eit tverrfagleg kunstfagleg virke, og er i sitt arbeid særleg oppteken av motsetningspara høg-/lågkultur, konformitet/motstand og normalitet/avvik. Han er forfattar, musikar, kritikar og kurator, med ei lang rekkje utgjevingar og prosjekt i ulike sjangrar og kunstuttrykk bak seg. Han har saman med Jan Grue og Olaug Nilssen mottatt Fritt Ords Pris for sitt «bidrag til å belyse samfunnssituasjonen og ytringskulturen til funksjonshemmede i Norge». Kurator for Vestlandsutstillingen 2024.
Foto: Jannik Abel
Vestlandsutstillingen er ei årleg turnerande utstilling med verk av kunstnarar som har tilknyting til Vestlandet. Utstillinga skal vise fram samtidskunst av høg kvalitet som speglar den vestlandske kunstscena slik den føregår i lokale, nasjonale og internasjonale kontekstar ut mot resten av landet.
Som einaste kuraterte landsdelsutstilling blir søkjarar til Vestlandsutstillingen kvart år etter open utlysing vurdert av profesjonelle kuratorar eller kunstnarar. Eineste krav er at ein har ei tilknytting til Vestlandet. Det kan innebere at ein er fødd her, har vakse opp, studert eller vore permanent busett ein periode i eitt av fylka Rogaland, Vestland eller Møre og Romsdal.