Marit Helen Akslen
Marit Helen Akslen (f. 1971 i Ålesund) sine tekstile arbeid er i hovudsak abstrakte og lågmælte. Gjentaking, mengde og bindingar er sentrale element i hennar formspråk. Ofte tek ho i bruk eksisterande objekt, som ho dekonstruerer og set saman til nye strukturar og narrativ. Tekstilane speglar ofte politiske eller miljømessige tema som urett, oppløysing og øydelegging. Dei seinaste verka hennar tematiserer klimakrisa og menneska sitt overforbruk av naturen. På VU viser ho eit av tre verk i serien Loosing Eden. Desse arbeida tek for seg kvart sitt landområde påverka av global oppvarming. Landslide viser til permafrostkratera i Sibir, som blir danna av oppvarminga av metangass under overflata. Massive hol med sand og jord som renn nedover kan sjå vakre ut, medan dei kan oppstå brått og med ein valdsam styrke. Losing Eden er sydd saman av oppklipte blendingsgardiner, og viser med sin stillfarne brutalitet til naturkrefter ute av kontroll. Deltakar i Vestlandsutstillingen 2004, 2023.