Helge Skodvin
Helge Skodvin (f. 1968) er utdanna tømrar, og har ein bachelor i fotografi frå London College of Printing. Han er ein prislønna, mykje stilt ut og anerkjent fotograf, med verk og fotobøker kjøpt inn i viktige samlingar, samstundes som han har stor folkeleg popularitet. Han viser foto frå opninga av ei ny vegstrekning på E16 mellom Fagernes og Bergen. Deltakar i Vestlandsutstillingen 2005, 2024.