er det noen som vet
hvilken retning det er
hvor langt det er igjen
eller hvor vi har vært*
Vestlandsutstillinga er forplikta til å representere kunstnarar og kunstverk som er knytta til den vestlege regionen i Noreg. Likevel er bekymringane og kritikken som vert presentert i denne utstillinga universelle. Sjølv om kvart kunstverk i utstillinga er unikt med sitt individuelle uttrykk, er tema som økologi og menneskeleg atferd gjennomgåande. Den noverande perioden i Jorda si historie, Antropocen, er hovudsakeleg prega av menneskeleg aktivitet og denne sin effekt på planeten vår – klimaendringar, ekstremvêr, nedbryting av ozonlaget, stadig mindre polare iskapper, og ein eksponentiell nedgang i artar i vår flora og fauna. Midt i denne miljøkrisa, legg Vestlandsutstillinga 2017 «Hvor har vi vært?» til rette for refleksjon kring menneskeleg interaksjon med miljøet i fortid, notid og mogeleg framtid.
Tittelen, tatt frå eit kunstverk av Aud Marit Skarrebo Holmen, fungerer som ein inngangsport til utstillinga ved ganske enkelt å stille spørsmålet: Kvar har menneska vore dei siste åra, både fysisk og psykisk? Har menneska si kortsiktige tenking og fornekting ført til den noverande krisa? Er fråvære av menneske eit framtidig scenario? Kvar skal me herifrå? Og kanskje endå viktigare, kva er det me etterlet oss? Med seks nasjonalitetar representert i den 95. utgåva av VU, er dei tilbodne perspektiva mange.
Verk av Per Tore Barmen og Petra Dalström skildrar på poetisk vis både det sårbare og det robuste ved naturen gjennom kyndig skulpturert tre og porselen. Sjølv om det vert kutta og forkulla, held oganisk materiale på si kjensle av integritet. I kritiske og hypnotiserande installasjonar av Else Karin Tysse Bysheim og Vania Cunha, ser me verkty for industri og kapitalisme som gummislangar og PC-tastar synt i ubrukelege haugar og knutar, forbruk og avfall ueigna for ein eventuell framtidig funksjon.
Trass i ein viss humor er Susanne Christensen sine bilete ein trist hyllest til trua artar, som ironisk nok både vert øydelagd og bevart av menneske. I Simone Hooymans sine draumeaktige animasjonar ser me frodige, urørte omgjevnader der tida går utan synlege teikn på menneskeleg inngripen.
Ein vittig kollasj av Simon Kjær antydar forsteining av menneskelige former, menneskelege relasjonar, til og med menneskelege kjensler.
Forlatne, gløymde bygningar og bustader tek hovudrolla i kunstverk av Kristina Kvalvik, Rune Werner Molnes, og Anne Helen Robberstad. Med eit vedvarande ekko av minner frå tidlegare busetnad, etterlet dei eit publikum som lurer på kor tid dei vart forlatne, kvifor, og kvar folka har gått?
Karen Helga Maurstig si handlaga bok, syner oss ord for snø og is i ulike norske dialektar, ispedd kunstnaren sine eigne teikningar og bilete. Verket fungerer som ein meditasjon over eit landskap av snø og is som raskt kan forsvinne. I eit arbeid av Kirsti Prøis, ser me samanfiltra trådar av neonplast og halm som vert eitt, i ein uatskilleleg masse. Skulpturane/relieffa til David A. Rios representerer lydbølgjer som er frest inn i tre. Dei gjenspeglar bruken av lydbølgjer som ein indikasjon på nærvær eller fråvære av menneskeleg aktivitet. Eit nytt arbeid av Ingrid Toogood presenterer ein abstrakt representasjon av røynda gjennom ei spegling og utviding av måla bilete.
Det finst håpefulle kunstverk også. I eit silketrykk av Daniel Persson, kan ein sjå ein dragefruktplante som målmedviten kryp opp og over ein mur av smuldrande betong og piggtråd. Skulpturen «Next Nature» av Nina Skarsbø antydar derimot menneskeheten sin fullstendige avstand frå naturen, og ei etablering av natur i ein versjon laga av menneske, ein natur som spring ut frå genetisk konstruksjon/manipulasjon, datavirus, og andre organiske teknologiar.
Kvar har mennesket gått? Kva har vi etterlatt oss?
Tekst av Heather Jones
*Aud Marit Skarrebo Holmen
Jurymedlem på vegne av BKMR for Vestlandsutstillingen 2017 saman med Heather Jones, Astrid Wittersø og Joakim Lund. Fungerande styreleiar for Vestlandsutstillingen 2016 – 2017. Terese Longva bur på Skuløy i Møre og Romsdal. Ho utforskar korleis ein ny sosial subjektivitet vert til i eit moderne samfunn – som eit mogleg resultat av ei stendig aukande samanveksing mellom menneskekroppar og nettverk av ulike slag i omgjevnadene. Longva interesserer seg for tilblivingsprosessar i materien og samfunnet, og brukar gjerne Nordøyane som utgongspunkt for undersøkjingane sine. Frå og med våren 2012 har Terese Longva hatt eit nært samarbeid med Harald Dyrkorn. Dei brukar samtalen som utviklingsmetode og opplever at det gjennom denne blir til noko nytt. Dette nye stammar ikkje frå den enkelte, men blir til /i mellom, /i ein ikkje-lineær, sosial og materiell prosess. Longva har stilt ut og delteke på ei rekkje galleri og festivalar i inn- og utland. Sidan 2010, har ho samarbeidd med Laurel Jay Carpenter (USA/UK) i duoen Longva+Carpenter.
Longva er medlem av BKMR og PAB (Performance Art Bergen).
Jurymedlem for Vestlandsutstillingen 2017 saman med Terese Longva, Astrid Wittersø og Joakim Lund. Heather Jones er freelance kurator. Ho var vidare med å grunnleggje Contemporary Art Stavanger (CAS), der ho er redaktør. Ho har tidlegare vore kurator ved Kunsthall Stavanger, utstillingsleiar for Independent Curators International (ICI), New York, Master Apprentice ved Sol Lewitt sitt atelier, og atelier-leiar for kunstnaren Swoon. Ho mottok i 2014 Curatorial Fellowship frå kulturavdelinga i Stavanger kommune. Jones er utdanna med ein MA i Curatorial Studies frå Stockholms Universitet og har i tillegg studert arkitekturhistorie og -teori ved Kungliga Konsthögskolan i Stockholm.
Kunstnar f.1944 i Vestfold, busett i Førde. Lærar og biletkunstnar. Utdanna ved Bergen Kunsthåndtverkskole, Statens lærerskole i forming og Vestlandske kunstakademi. Arbeider i tekstil, maleri og glas, og har delteke i ei rad utstillingar på Aust-og Vestlandet. Er innkjøpt m.a. til sjukehuset på Nordfjordeid, sentralsjukehuset og kulturhuset i Aurland. Jurymedlem i Vestlandsutstillingen på vegne av BKSF i 2017 sammen med Heather Jones, Terese Longva og Joakim Lund.
Joakim Lund f. 1978 er utdanna kunstnar frå Kunsthøgskolen i Bergen. Lund har base i Haugesund. Jurymedlem på vegne av Haugesund Kunstforening i Vestlandsutstillingen 2017 saman med Astrid Wittersø, Heather Jones og Terese Longva. Styreleiar i Vestlandsutstillingen -2016.
14. januar
12. februar
Kunsthuset Kabuso, Øystese
24. februar
26. mars
Kunstmuseet KUBE, Ålesund
28. april
28. mai
Haugesund Billedgalleri, Haugesund
8. juni
13. august
Kunsthall Stavanger, Stavanger
2. september
24. september
Sunnfjord Kunstlag Førdehuset, Førde