I 1935 vart Vestlandsutstillingen avlyst fordi dei mest framtredande kunstnarane valde å bryta ut og laga si eiga utstilling. Bergen Kunstforening såg det ikkje som formålstenleg å gjennomføra Vestlandsutstillingen utan dei. Bakgrunnen til utbrytarane antoks å vera misnøye med juryordninga og inkludering av yngre kunstnarar som dei meinte var reine amatørar. Paradoksalt nok var ein del av utbrytarane dei same som hadde sete som jurymedlemmer dei siste år. Det var spesielt i Stavanger at det hadde oppstått friksjon mellom dei meir etablerte og ei sterk gruppe unge kunstnarar som kravde innverknad. Med det opna det i 1935 i staden ei utstilling med tittel Gruppe av Vestlandsmalere.
Bergen Kunstforening Bergen
Stavanger Kunstforening Stavanger