Sissel Lillebostad
Sissel Lillebostad er administrativ og fagleg leiar ved Kunsthuset Kabuso, Hardanger og Voss museum. Ho leidde kuratorutdanninga ved Kunst- og designhøgskulen (KMD) i Bergen, mellom 2004 og 2014, var redaktør for tidsskriftet Numer mellom 2016 – 18 og redaktør for fleire utgåver av Kunstjournalen B-Post på 2000-talet. Lillebostad er medlem av styra til Lorck Schive Kunstpris og Billedkunstnernes vederlagsfond. Som kunstnar har ho samarbeidd med komponistar, koreografar og forfattarar på fleire framsyningar og installasjonar. Lillebostad kuraterte Vestlandsutstillingen 2010 som ein del av kuratorgruppa Curate.no i samarbeid med Malin Barth og Anne Szefer Karlsen.