Anne Szefer Karlsen

Anne Szefer Karlsen (f. 1976 i Halden) er kurator, redaktør, kunstskribent og tidlegare leiar av Hordaland Kunstsenter. Ho var med på å grunnlegga Flaggfabrikken i Bergen i 2003, eit studiosamarbeid av hovudsakleg fotobaserte kunstnarar. Saman med kunstnar og kurator Arne Skaug Olsen starta og dreiv ho kunstbokforlaget CTRL+Z. I 2013 var ho kurator for Lofoten International Art Festival, og ho var kurator for Skulpturbiennalen på Vigeland-museet i 2015. Anne Szefer Karlsen er utdanna som fotobasert kunstnar med ein BA frå London School of Printing, og ein Master frå Kunsthøgskolen i Bergen. I 2006 fullførte ho Skapende Kuratorpraksis ved KHiB. Anne Szefer Karlsen kuraterte Vestlandsutstillingen 2010 som ein del av kuratorgruppa Curate.no i samarbeid med Malin Barth og Sissel Lillebostad.