Vestlandsutstillingen er den eldste landsdelsutstillinga, og vart for fyrste gong vist på Bergen Kunstforening i 1922. Det har sidan byrjinga vore ei juryert gruppeutstilling med fri innsending.
I byrjinga bestod juryen av 5 kunstnarar som var valt av biletkunstnar-organisasjonane, men har sidan 1998 bestått av 1–3 inviterte kuratorar. Formålet med utstillinga er å arrangere ei årleg utstilling med verk av kunstnarar som har tilknytting til Vestlandet. Utstillinga skal vise fram samtidskunst av høg kvalitet som speglar den vestlandske kunstscena slik den føregår i lokale, nasjonale og internasjonale kontekstar ut mot resten av landet.
Vestlandsutstillingen er ei foreining som er eigd av sine medlemmer frå kunstnarorganisasjonane Bildende Kunstneres Forening Hordaland, Bildende Kunstneres Forening Møre og Romsdal, Bildende Kunstneres Forening Sogn og Fjordane, og Bildende Kunstneres Forening Rogaland, samt Kunsthuset Kabuso, Stiftelsen Kulturkvartalet, Rogaland Kunstsenter, Haugesund Kunstforening, Kunstgarasjen og Sunnfjord Kunstlag.
Turneen vert støtta av fylkeskommunane Møre og Romsdal, Rogaland og Vestland.