Hans Gjesme
Hans Gjesme (fødd 11. mai 1904, død 29. mars 1994) var ein norsk billedkunstner. Han vart fødd på Oppigarden Voll i Tønjum krets i Lærdal. Som ung gut viste han talent for teikning og måling, og seksten år gammal vart han elev ved Pola Gauguins malarskule i Kristiania. I 1925 studerte han nokre månader i Paris, delvis hos André Lhote. Med unntak av seksten år som pasient ved Gaustad sjukehus i Oslo budde og arbeidde han heile livet i Lærdal. Før han døydde på Førde sentralsjukehus, donerte han livsverket sitt til Lærdal kommune. Kilde: Wikipedia. Deltakar på Vestlandsutstillingen i 1926, 1929, 1930, 1932, 1937 og 1941.