«Viss du skal lage ein langfilm, er alt du treng 70 idear,» hevdar den amerikanske filmregissøren, kunstnaren og skodespelaren David Lynch (f. 1946). Han er mest kjend for filmar som Eraserhead (1977), The Elephant Man (1980), Blue Velvet (1986) og Mulholland Drive (2001), samt fjernsynsserien Twin Peaks. Å måle seg med Lynch er det ingen som kan, men eg finn det likevel interessant å trekke parallellar mellom det visuelle filmspråket hans og tilnærminga han har til det å lage, film og mine eigne prosjekt som kurator – i dette høvet som kurator for Vestlandsutstillingen (VU) 2021.
Det er fri innsending til VU, og som kurator fekk eg ikkje berre 70 tilsendte idear å ta stilling til, men nærare 1000. Til VU 2021 kom det nemleg inn 311 søknader, som til saman inneheldt bortimot 1000 verk eller prosjekt. I prosessen med å velje ut, har eg vore oppteken av å finne fram til verk som kan setjast i scene slik at utstillinga får ei underfundig og sær stemning lik den vi finn i ein Lynch-film. Stemningar knytt til merkelege og draumeaktige scenar, eller sensuelle og forførande. Tvitydige stemningar der venleik og uhygge går hand i hand. Under ei perfekt overflate lurer gjerne død og elende, samstundes som noko rørande og vakkert kan gøyme seg i noko som ser forderva og øydelagt ut.
Eg har laga ei liste med stikkord som besøkande på VU 2021 kan ha med seg i møtet med kunstverka:
disiplin, endring, fiksjon, forsking, fortaping, grotesk, handverk, historie, kjenslevar, kontroll, kropp, materialitet, meditativ, minne, natur, nitid, nøysemd, perfeksjon, presisjon, rørsle, sakn, sanseleg, sensuelt, skjørt, sorg, tid, taktilitet, tolmod, tilbakeblikk, uperfekt, undermedvit…
Desse stikkorda opnar for mange ulike assosiasjonar, stemningar og forteljingar. VU 2021 gjev ingen fasitsvar, men kan lesast som ei open forteljing sett saman av mange parallelle forteljingar. 16 kunstnarar med til saman 29 verk er med. Kvart av desse verka er unikt og rommar si eiga historie, men gjennom å bli plassert i ei utstilling saman med andre verk blir meininga forsterka eller endra. Dette spelar eg medvite på i måten utstillinga blir utforma på. Eg ønskjer at verka skal bidra til at nye historier blir skapt gjennom korleis dei blir monterte. Ingen av dei 6 visningsstadene som VU 2021 skal til er like, og difor vil nye historier oppstå frå stad til stad. Ikkje minst fordi kvar einskild utstillingsgjest også er ein aktiv medskapar.
Heidi Bjørgan, kurator
Bergen 1. desember 2020
Heidi Bjørgan (f.1970) har MA i keramisk kunst, samt Skapende kuratorpraksis frå Kunsthøgskolen i Bergen. Ho har bidrege til ei fornying av diskursen knytta til kunsthandverk i norsk samanheng, både gjennom sitt arbeid som kunstnar, og gjennom si verksemd som kurator. Ho var med på å starte galleri/prosjektrommet Temp i Skottegaten i Bergen (2000-2002). Bjørgan har blant anna vore kurator for utstillingar ved Rogaland Kunstsenter, Galleri F15, Hordaland kunstsenter og Galleri Format. På KODE har ho kuratert den internasjonale utstillinga Thing Tang Trash og Signert Inger Waage. Heidi Bjørgan var også medkurator for den store mønstringa av Norsk og kinesisk kunsthandverk Beyond g(l)aze som vart vist både på Suzhou Jinji Lake Art Museum i Kina og på KODE. Bjørgan er også medkurator for utstillinga KREFTER – Dyrdal Kvasbø Tingleff på KODE (2019).
Avlyst pga Covid19
(16. januar - 7. februar)
Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Førde
19. februar
14. mars
Jugendstilsenteret & KUBE, Ålesund
Avlyst pga Covid19
(26. mars - 25. april)
Haugesund Billedgalleri, Haugesund
8. mai
6. juni
Kunsthuset Kabuso, Øystese
27. august
19. september
Kunstgarasjen, Bergen
7. oktober
31. oktober
Kunsthall Stavanger, Stavanger